← Search

Data · dataset · 2025

Lokalitet 1

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå tidlegmesolitikum i eldre steinalder.

Description

Den ligg på ei lita flate aust på eigedomen gnr. 240, bnr. 5, søraust i planområdet. Den er definert til om lag 320 kvm i utstrekning.

Lokaliteten ligg i eit austvendt søkk ved kanten av ei større flate om lag 13–15 høgdemeter over havet. Den er dekt av torvtustar og torvmyr, og lausmassane er våte i vest og blir våtare i aust. I nord går det ein «rygg» av bart berg langs med søkket frå vest mot aust.

Read the rest (5 more)

I aust heller søkket svakt ned til enden av flata ved om lag ti høgdemeter over havet, ved det som eingong har vore ei strandbunden vik og eit sund. Ved enden av flata er det bratt ned til om lag fem høgdemeter over havet. I sør går det ei flate av bart berg langs søkket frå vest mot aust.

I vest held flata fram og det er fleire spreidde flekker av bart berg. Lokaliteten er definert av tre funnførande prøvestikk: JA3, JA4 og JA5. Den er avgrensa av tre funntomme prøvestikk og elles delvis av lendetilhøva, særleg i nord og i sør ved område med bart berg.

Det er funne 83 funn på lokaliteten som er fordelt på dei tre funnførande prøvestikka. Funna er av avslag (éin flekkjeliknande) og gjenstandar som éin smalflekkje, éin hengslet flekkje og éin ryggflekkje. Råstoff er av flint, kvarts og kvartsitt.

Gjenstandane som er funne på lokaliteten kan brukast til å typologisk datere lokaliteten til tidlegmesolitikum (om lag 9500–8200 f.Kr.). Avslaga er «flate», noko som er karakteristisk i tidlegmesolitikum og seinare i seinneolitikum, men ettersom råstoffet er svært homogent og hovudsakleg av flint indikerer det ein tidlegmesolittisk datering. Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i tidlegmesolitikum og seinare igjen på høgda av tapestransgresjonen i seinmesolitikum.

Strandforskyvningskurva samsvarar difor med ein typologisk datering av lokaliteten til tidlegmesolitikum.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND96ffdc8b-ad8a-4363-8ba3-f4d17fda3edb12 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0