← Search

Data · dataset · 2025

Lokalitet 6

Listed in B2FIND

Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå steinalder.

Description

Den ligg på ei lita flate søraust på eigedomen gnr. 240, bnr. 6, søraust i planområdet. Den er definert til om lag 30 kvm i utstrekning.

Lokaliteten ligg på ei nordaustvendt flate om lag 9–10 høgdemeter over havet. Den er dekt av torvtustar, torvmyr, lyng, eit furutre, spreidde flekker av bart berg og ein bergknaus, og lausmassane er relativt våte. I nord ligg ein høg bergknaus.

Read the rest (4 more)

I aust heller flata ned i eit skrint lende med flekker av bart berg ved om lag fem høgdemeter over havet. I sør er det flekker av bart berg. I vest stig flata svakt opp til område med flekker av bart berg ved om lag 15 høgdemeter over havet.

Lokaliteten er definert av eitt funnførande prøvestikk: SSR11. Den er avgrensa av fem funntomme prøvestikk og elles delvis av lendetilhøva, særleg i nord ved bergknaus, i aust ved flekker av bart berg, i sør ved område med bart berg og i vest ved område med bart berg. Det er funne fem funn på lokaliteten som er fordelt på det eine funnførande prøvestikket.

Funna er av avslag (eit med retusj) og ein flekke med retusj. Råstoff er av flint. Gjenstandane som er funne på lokaliteten kan ikkje brukast til å typologisk datere lokaliteten til ein bestemt arkeologisk tidsperiode.

Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i mellommesolitikum (om lag 8200–6300 f.Kr.) og seinare igjen etter tapestransgresjonen i tidlegneolitikum (om lag 4000–3500 f.Kr.).

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND0b8bbea0-abd6-4701-8764-b9c47faabdd013 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0