← Search

Data · dataset · 2025

Øksnesmarka - Lok. 7

Listed in B2FIND

Lokalitet 7 er definert av tre funnførande/positive prøvestikk; KR.76, KR.77 og APK.86.

Description

Han har eit areal på omkring 351 m², og er 25 m lang og 18 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ei lita flate, som haller ned mot myra i aust og søraust, omkring 8 til 12 moh, inni planta skog.

Han ligg rett vest for Teinelva. Flata er avgrensa av berg og bratt skråning i vest, og berg og negative prøvestikk i nord. Det ligg ein bergknaus før myra i aust, og negative prøvestikk før myra i sør.

Read the rest (5 more)

Lokaliteten har ei forhøgning med berg midt i. Vegetasjonen består for det meste av graftufter og einebuskar, med planta granskog rundt og imellom. Dei funnførande massane består for det meste av sandig silt/siltig sand og grus.

Det er gjort funn av fleire flintavslag og eit kvartsavslag. Massane inneheld noko kol. KR.76 og KR.77 ligg vest for ei forhøgning, og noko meir skjerma enn APK.86, som ligg ned mot myra i aust.

Flintavslaget i APK.86 er vassrulla. Heile lokalitet 7, som ligg mellom 8 og 12 moh, har vore strandbunden frå tidlegmesolitikum (8 moh – 8050 BC) til og med mellommesolitikum (8 moh – 6550 BC). Lokaliteten har vore tilgjengeleg igjen frå mellomneolitikum, periode A (9 moh – 3050).

I følje strandforskyvningskurva har havnivået i tidlegneolitikum (4000-3000 BC) lege på 9-11 m over dagens nivå. Deler av lokaliteten har dermed lege under vann i den tida trekolprøven er datert til. Det er sannsynlegvis lokale variasjonar i strandforskyvningskurva, og det er mogleg havnivået har lege noko lågare i dette området.

Det er ingen diagnostiske funn frå lokaliteten.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND11a2c4c3-2d94-413a-aabc-53ce6687886413 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0