Data · dataset · 2025
Garnes Lok. 1
Listed in B2FIND
Lokalitet 1 er definert av 11 funnførande/positive prøvestikk: APK.1, APK.2, APK.3, APK.4, APK.5, APK.7, APK.8, JA.1, JA.4, JA.6 og JA.8.
Description
Den har eit areal på omkring 880 m², og er 45 m lang og 35 m brei på det meste. Lokaliteten ligg på ei flate 16-17 moh, på gnr. 284, bnr. 195.
Den er avgrensa av negative prøvestikk i sør og nord, i tillegg til forhøgningar/bergknausar i nord. I vest går ei bratt skråning ned mot ei vik og sjø. I aust heller også terrenget ned.
Read the rest (17 more)
Vegetasjonen består av gras og tuer, med litt myr mot parkeringsplassen i sør. Vest på lokaliteten er det tettare vegetasjon med nokre tre og bukser. Det går ein grusveg gjennom lokaliteten i nordaust og ein grussti i nord.
I aust (APK.7 og APK.8) er massane moderne forstyrra, som ein kan lese under stratigrafi i dette kapittelet, og det er også funne noko moderne boss i torva i APK.2. Elles verkar lokaliteten uforstyrra. Det vart tatt ein dateringsprøve frå APK.3 som ikkje vart sendt til analyse.
Stratigrafi APK.1 har 7 cm torv i topp (lag1), følgt av mørkebrun feit humus med litt trekol, tolka som mogleg kulturlag (lag 2: 12 cm tjukkleik). Lag 3 til 6 består av sand, med forskjellege fargenyansar og leire i botn. Stikket er 75 cm djupt.
Alle lag er funnførande, men lag 2 og 3 peiker seg ut med flest funn (23 totalt). JA.1 har relativ lik stratigrafi som APK.1, men med tjukkare torv (Lag 1: 20 cm tjukkleik) og tynnare lag 2 (5 cm tjukkleik). Det har også berre funn i BL1 (7 totalt).
Stikket er 60 cm djupt med leire i botn. JA.4 har 10 cm torv i topp (lag 1), følgt av mørk silt som er funnførande (lag 2 og 3: 35 cm tjukkleik totalt, 15 funn). Under kjem grå silt, sand og leire (lag 4 og 5).
Stikket er 60 cm djupt med leire i botn. JA.6 har 20 cm torv i topp (lag 1) og mørkebrun silt under som er funnførande (lag 2 og 3: 50 cm tjukkleik totalt, 20 funn). Mot botn er det sand og leire og stikket er 70 cm djupt.
JA.8 har 15 cm torv i topp (lag 1), og brun silt og sand (lag 2 og 3) som er funnførande (15 cm tjukkleik totalt). Under kjem grå sand og leire i botn (lag 4 og 5). Stikket er 40 cm djupt.
APK.2 har 15 cm torv og myr i topp (lag 1) og mørkebrun feit humus blanda med torv under (lag 2: 5 cm tjukkleik). Lag 3 er funnførande (2 funn) og består av grå, flekkete siltig sand (23 cm tjukkleik). Under kjem sand og silt, med leire mot botn.
Stikket er 65 cm djupt. Alle stikka nemnt over ligg midt på flata. APK.3, APK.4 og APK.5 ligg vest på lokaliteten inni skogen.
APK.3 har 15 cm med torv og røter i topp (lag 1), følgt av feit mørkebrun humus og oransje sand med trekol som er funnførande (2 funn) og tolka som mogleg kulturlag (lag 2: 15 cm tjukkleik). Endar i berg på 30 cm. APK.4 har 20 cm med torv og røter i topp (lag 1), følgt av grå sand med grus og svarte og oransje flekker som er funnførande (lag 2: 20 cm tjukkleik, 3 funn).
Endar i berg på 40 cm. APK.5 har 25 cm med torv og røter i topp (lag 1), følgt av lysegrå sand med linser av svart feit humus med litt trekol (lag 2: 18 cm tjukkleik). Lag 2 er funnførande og tolka som mogleg kulturlag.
Endar i berg på 43 cm. APK.7 og APK.8 ligg på flata på andre sida av grusvegen i aust. APK.7 har 10 cm torv i topp (lag 1).
Lag 2 består av mørkebrun jord med litt grus (20 cm tjukkleik). Laget er moderne omrota og det er funne blomsterpotteskår og porselen saman med 2 flintavslag. Det er berg rett under funnførande lag på 30 cm djupleik.
APK.8 har 15 cm torv i topp (lag 1). Lag 2 er det same som i APK.7, med funn av moderne glas (22 cm tjukkleik). Det er funne 1 flintavslag i laget.
Endar i berg på 37 cm. Det er fleire bærbusker rundt desse prøvestikka og området verkar forstyrra. Funn Det er totalt gjort 98 gjenstandsfunn på lokalitet 1, fordelt på 11 funnførande prøvestikk.
Det er for det meste funne avslag av flint, kvarts, kvartsitt og bergkrystall på lokaliteten. Den største konsentrasjonen av funn ser ut til å vere midt på flata, ved APK.1 (30 funn), JA.6 (19 funn) og JA.4 (16 funn). I APK.1 er det funne ei mikroflekke av bergkrystall.
I tillegg er det funne mikroflekker av flint i APK.2 og APK.4, ryggflekke med retusj av flint i APK.7, smalflekke og stikkel av flint i JA.8 og fleire avslag med retusj på lokaliteten.
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/086c42c3-1a36-5291-9ac3-f84dd8f1fa41 ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/319275 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=63f8127a-5daf-4c07-9119-7e4ce4def… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 63f8127a-5daf-4c07-9119-7e4ce4defe9d | 9 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |