Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Stødleterrassen

Listed in B2FIND

Stødleterrassen er ein markert naturformasjon i Etne kommune, og eit særeige kulturlandskap, med spor etter busetnad og aktivitet gjennom mange tusen år.

Description

På Stødleterrassen ligg ei stor mengd forhistoriske kulturminne. Det er i dag kjent over 50 automatisk freda kulturminne her.

Tidlegare har talet vore over det dobbelte, men mange kulturminne har gått tapt. Det er påvist fleire funn og anlegg under markoverflata, og potensialet for nye funn er svært høgt. Dei automatisk freda kulturminna (eldre enn 1537) omfattar mellom anna fleire gravfelt, gravhaugar, bergkunst, busettings- og dyrkingsspor samt Stødle kyrkje og den eldste delen av kyrkjegarden.

Read the rest (2 more)

Samanhengen mellom landskapet og kulturminna gjer terrassen til eit særmerka område. Dei forhistoriske kulturminna viser stor tidsdjupne og strekk seg frå steinalderen fram til mellomalderen. Saman med dagens bygningar og jordbrukslandskap er dei uttrykk for kontinuiteten i bruken av området.

Samanhengen mellom dei automatisk freda kulturminna, og landskapet dei ligg i, er heilt vesentleg for opplevinga og forståinga av kulturminna, kulturmiljøet og tidlegare bruk av området. Dette området formidlar óg ei viktig historie knyta til svært sentrale, historiske personar omtala i sagaene og har tidlegare posisjon som eit unikt maktsenter i regionen.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FINDdee9e8aa-d961-4c8b-ab1f-9e45057f49ea11 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0