Data · dataset · 2025
Lokalitet 5
Listed in B2FIND
Lokaliteten er eit busetting og/eller aktivitetsområde frå steinalder.
Description
Den ligg på ei flate vest på eigedomen gnr. 240, bnr. 5, søraust i planområdet. Den er definert til om lag 570 kvm i utstrekning.
Lokaliteten ligg på ei søraustvendt flate om lag 10–14 høgdemeter over havet. Den er dekt av torvtustar, torvmyr, skog og spreidde flekker av bart berg, og lausmassane er relativt våte. I nord stig lendet opp til om lag 15 høgdemeter over havet ved berg hovudsakleg dekka av vegetasjon og som går i ein boge langs med flata frå aust til nordvest.
Read the rest (4 more)
I aust heller flata svak ned til i enden av flata ved om lag ti høgdemeter over havet, ved det som eingong har vore ei strandbunden vik som ligg mellom 5 og 10 høgdemeter over havet. I sør er det bart berg før lendet går ned til myrflata i vika. I vest ender flata ved ein bergvegg som går ned til ein myrflate som ligg ved om lag fem høgdemeter over havet i det som eingong har vore ei strandbunden vik og eit sund.
Lokaliteten er definert av fem funnførande prøvestikk: JA31, JA32, JA33, JA34 og JA36. Den er avgrensa av tre funntomme prøvestikk og elles delvis av lendetilhøva, særleg i nord ved berg, i aust ved flekker av bart berg, i sør ved område med bart berg og i vest ved bergvegg. Det er funne 14 funn på lokaliteten som er fordelt på dei fem funnførande prøvestikka.
Funna er av bitar og avslag. Råstoff er av flint, kvarts og bergkrystall. Gjenstandane som er funne på lokaliteten kan ikkje brukast til å typologisk datere lokaliteten til ein bestemt arkeologisk tidsperiode.
Strandforskyvningskurva for området viser at lokaliteten var strandbunden i mellommesolitikum (om lag 8200–6300 f.Kr.) og seinare igjen etter tapestransgresjonen i tidlegneolitikum (om lag 4000–3500 f.Kr.).
Links
Where it is published
- B2FIND dataset page b2find.eudat.eu/dataset/acdbd4a5-fb43-59f0-b730-5feffb78983f ↗
landing page · from b2find eudat eu
Documentation and papers
- Publisher page kulturminnesok.no/ra/lokalitet/322892 ↗
documentation · from b2find eudat eu
Catalogue records · 1
- CKAN API b2find.eudat.eu/api/3/action/package_show?id=4ca41b8c-af07-43eb-9a7e-58c19c056… ↗
metadata API · from b2find eudat eu
Topics
- Stated by source
- Nordic Archaeology
- From keywords
- Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
| Source | Key | Last seen | Raw |
|---|---|---|---|
| B2FIND | 4ca41b8c-af07-43eb-9a7e-58c19c056aae | 11 d ago | JSON v1 |
| Field | Assertion | Extractor | Evidence |
|---|---|---|---|
| concepts[field].local:field:humanities | mapping · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicar | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| created_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| description | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /notes |
| publication_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| title | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | /title |
| updated_date | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 | |
| version_label | source · b2find eudat eu | connector:b2find_eudat_eu@1.0.0 |