Constarium
← Search

Data · dataset · 2025

Lokalitet 15 Kollsnes transformatorstasjon

Listed in B2FIND

Lokaliteten ligg i utmark på ei lita flate om lag 17–18 høgdemeter over havet.

Description

Den ligg nord på gnr. 242. bnr. 1 rett søraust for lokalitet 16 (Askeladden id. 304033). Flata består av eksponerte bergflater med torvtustar og lynghei klemt mellom berga.

I nord skrår flata svakt ned til lokalitet 16 og så vidare mot havet i Osundet. Lokaliteten er definert av 2 funnførande positive prøvestikk: JA.120 og JA.123. Den er avgrensa av 5 funntomme negative prøvestikk og elles av lendetilhøva.

Read the rest (5 more)

I nord er den avgrensa topografisk av eksponert berg utan jordmassar. I aust er den avgrensa av negative prøvestikk og bratt lende. I sør er den avgrensa av negative prøvestikk.

I vest er den avgrensa av negative prøvestikk. Det vart gjort 7 funn på lokaliteten frå dei 2 funnførande prøvestikka. Funna består av avfall frå produksjon og vedlikehald frå råstoffa som avslag og skraparfragmentar.

Råstoffa er av flint. Prøvestikket JA.123 som vart grave nord på lokaliteten var prøvestikket med høgast funnkonsentrasjon. Jordmassane på flata er tørre.

Stratigrafien er lite varierande. Dei funnførande prøvestikka vart grave mellom 45–50 cm djupe. Torv blanda med mørk silt er 30 cm øvst, følgt av funnførande grå silt mellom 30–50 cm djupt.

Det vart ikkje funne nokon diagnostiske gjenstandar for typologisk datering av funna eller kol for uttak av dateringsprøve. Lokaliteten sin plassering på om lag 17–18 høgdemeter over havet samsvarar med strandforskyvningskurva for området som viser at lokaliteten var tilnærma strandbunden i fleire periodar, og at aktiviteten i området kan ha funne stad i fleire periodar i eldre steinalder, både i tidlegmesolitikum og seinmesolitikum.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND82e624e2-dae4-4ca9-9d89-e05cf8c36f7f11 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0