← Search

Data · dataset · 2025

Løhaugen - Fetts fk. 2/2

Listed in B2FIND

Fetts funnkartet 2. "Løhaugen" ligg 30 m O for 1, men det er knapt att nokon kunstig haug, berre kulen han låg på.

Description

Utgraven 1881 (A. Lorange), han hadde då vore overdyrka. Han var 13 m i tvm., bygd av tørr røys utan jordblanding, med tjukt torvdekke.

Midt under røysa var eit trinn N-S i fjellgrunnen, tett dekt av ti heller, men inga grav under. Grav 1 låg midt mellom midten og nordaustre kant, var noggrant bygd av kantsette flate steinar, 45 cm i firkant. Botnen var fjell, taket ei helle.

Read the rest (3 more)

Der fanst B3856, leirkrukke full av brende bein o. a. sett halvt ned i fin, svart mold. Grav 2 var i søraustre del, bygd av småheller mest som eit rundt hol på 65 cm tvm., hellegolv og helledekke. Grava var 75 cm djup og fylt med fin, svart mold.

På botnhella låg tre små flate steinar, og på desse stod B3855, trespann med brende bein o. a. Beina hadde vore pakka i ulltøy eller filt og spannet i never. B3856 - Eja. branngrav frå fk. nr. 2/2 grav 1.

Her er stor leirkrukke, brende bein, glas, beinterning og -spelbrikke, beinnål, beinskei, bronseband og bjørneklør. B 3855 - Eja. branngrav frå fk. nr. 2/2 grav 2. Her er trespann med bronsebeslag, brent bein, beinkam, bronsepinsett, beinterning og -spelbrikker, smelta glas, betalingsgull, bjørneklør.

Links

Where it is published

Documentation and papers

Catalogue records · 1

Topics

Stated by source
Nordic Archaeology
From keywords
Humanities
Provenance · 1 source records, 8 field assertions
SourceKeyLast seenRaw
B2FIND6f067efc-0b20-45c6-ba4e-9f6e856f3ce213 d agoJSON v1
FieldAssertionExtractorEvidence
concepts[field].local:field:humanitiesmapping · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
concepts[topic].ckan_group:b2find_eudat_eu:nordicarsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
created_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
descriptionsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/notes
publication_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
titlesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0/title
updated_datesource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0
version_labelsource · b2find eudat euconnector:b2find_eudat_eu@1.0.0